Fleire 19-åringar droppar pauseår

(NPK-NTB): Trongare arbeidsmarknad og høgare ambisjonar gjer at fleire går rett frå vidaregåande skule til høgare utdanning.

På ni år, frå 2006 til 2015, er talet på registrerte studentar under 20 år dobla på norske høgskular og universitet, skriv Dagens Næringsliv. Ikkje berre dette talet, men også delen studentar som kjem rett frå vidaregåande, har auka.

Forskar Per Aamodt seier det er forska lite på kvifor nordmenn har hatt som tradisjon å skyve på studiestarten, men han ser likskapstrekk med endringa no og i tidlegare økonomiske krisetider.

– Vi har sett slike svingingar tidlegare der det har vore høg arbeidsløyse, som rundt 1988-1989, seier Aamodt, som forskar ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning.

Avgangselevar avisa har snakka med, oppgir både den vanskelege arbeidsmarknaden og planar om langvarig utdanning som årsaker til at dei droppar eit pauseår.

– Hadde eg fått ein 100 prosents stilling, hadde det vore mykje meir freistande med eit pauseår, men det har ikkje vore lett. Då er det like greitt å begynne å studere, seier Martin Sandbraaten, som er russ ved Nydalen vidaregåande skule. (©NPK)

Annonse