Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP-AFP): Fem personar er arrestert etter ein brann på eit rettsmedisinsk institutt utanfor Brussel. Politiet trur kriminelle som ville skjule spor, kan stå bak.
npk@npk.no
Publisert: 29.08.2016 kl 07:34
Sist oppdatert: 29.08.2016 kl 13:14
– Fem personar vart gripne like i nærleiken. Vi avhøyrer dei no for å sjå om dei har noka rolle i hendinga, seier Ine Van Wymersch, talskvinne for påtalemakta i Brussel.
Ifølgje henne var det eit laboratorium for analyse av DNA-prøvar som vart øydelagt i brannen.
– Så det er ei handling som kan ha samanheng med eit forsøk på å øydeleggje spor, seier Van Wymersch.
Det blir meldt om minst éin kraftig eksplosjon på staden, men det var måndag ettermiddag framleis uklart om dette var årsak til eller ein konsekvens av brannen på staden.
– I eit laboratorium kan det finnast element som kan forårsake eksplosjonar. Vi har enno ikkje funne spor av eksplosiv, seier talsmann for påtalemakta Gilles Dejemeppe ifølgje avisa Le Soir.
Han understrekar at det er for tidleg å trekke nokon konklusjon om årsaka til brannen.
Ifølgje brannvesenets talsmann Pierre Meys må eksplosjonen ha vore kraftig. Det blir meldt om store skadar på bygningen.
– Vindauga i laben vart blåst titals meter ut, seier Meys, som legg til at det neppe er snakk om noko uhell.
Ein utbrent bil var synleg innanfor sperringane på staden, ifølgje Le Soir. Dei første meldingane om hendinga gjekk ut på at ein bil hadde køyrt gjennom gjerdet, og at ein bombe deretter var plassert i eller ved bygningen.
Politiet meiner det sannsynlegvis ikkje er snakk om terror, men kan heller ikkje sjå bort frå dette, ifølgje avisa La Libre. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.