Klargjør siden...
Annonse

Fleire barnefamiliar fekk opphald etter regelendring

(NPK-NTB): Ein ny rapport frå Utlendingsnemnda viser at det blir lagt større vekt på barns tilknyting i vurderinga av opphald på humanitært grunnlag.

Rapporten «Varig ordning for lengeverande barn», som Utlendingsnemnda (UNE) har levert Justis- og beredskapsdepartementet (JD), omhandlar 98 barnefamiliar som sjølv bad om å få sakene sine behandla på nytt etter ei endring i utlendingsforskrifta i desember 2014.

Familiane hadde fått avslag på både søknad om vern og opphald på humanitært grunnlag, men vart likevel verande i landet, og bad seinare om å få det tidlegare avslaget omgjort.

Resultata viser at 80 av 98 barnefamiliar fekk opphald, noko som utgjer 82 prosent av familiane.

Den auka delen omgjeringar sett i samanheng med grunngjevinga i vedtaka, tilseier at det er lagt meir vekt på omsynet til barnets beste og barnas tilknyting generelt enn under tidlegare praksis.

Dei 80 familiane der UNE gjorde om tidlegare avslag, bestod av 141 vaksne og 183 barn. (©NPK)