Klargjør siden...

Fleire døde etter at militærhelikopter styrta i Tyrkia

(NPK-NTB-AFP-AP): Minst fem personar omkom då eit militærhelikopter styrta nordaust i Tyrkia tysdag, bekreftar statsministeren.

Totalt 15 soldatar og familiemedlemmer var om bord i helikopteret, opplyser statsminister Binali Yildirim og legg til at dødstalet kan komme til å stige.

Helikopteret styrta i dårleg vêr i nærleiken av Giresun ved Svartehavet. Det er ingen mistanke om at helikopterstyrten kom av eit terrorangrep, seier han.

Redningsaksjonen etter ulykka gjekk føre seg tysdag kveld.

Blant passasjerane var ein oberstløytnant, ein oberst og to majorar, og fleire sivile, av dei tre barn, ifølgje TV-kanalen CNN Turk.

Militærtoppane var på veg til regionen saman med fleire familiemedlemmer for å besøkje soldatar som er utstasjonerte der under høgtida id, melder Dogan. (©NPK)

Annonse