Annonse

Fleire eldre i pengetrøbbel

NPK-(NTB): Nordmenn over 60 år får stadig større gjeld. Sidan 2008 har delen med betalingsmerknad i aldersgruppa auka med 62 prosent, skriv Dagbladet.

I same periode auka delen med betalingsmerknad i gruppa frå 41 til 60 år med 28 prosent, viser tal frå inkassoselskapet Intrum Justitia. Misleghald av billeasing, lån og kredittkort går oftast igjen hos dei eldre.

I 2010 hadde nordmenn i aldersgruppa 67– 79 år i gjennomsnitt 336.000 kroner i gjeld. Fire år seinare var talet auka til 492.000 kroner i snitt, og delen eldre med gjeld i millionklassen har auka kraftig.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at dei eldre har ein dyr livsstil, dei ønskjer berre å fortsette den livsstilen dei er vande til. Men med ein reduksjon i inntektene som pensjonist på 30– 40 prosent, går reknestykket berre ikkje opp, seier informasjonsansvarleg Jan Græsvig i Intrum Justitia.

Dessutan har eldre menneske ofte større og tyngre inkassosaker enn dei unge, ifølgje økonomen Hallgeir Kvadsheim, kjend frå TV-serien «Luksusfellen».

– Tal frå Lindorff viser at det framleis er 40-åringane som har flest inkassosaker, mens dei eldre skuldar mest pengar – i snitt 295.000 kroner. Det er mykje når du er i den alderen. Det er ikkje like lett for dei eldre å be om refinansiering eller høgare lån, seier Kvadsheim. (©NPK)

Annonse