Annonse

Fleire får gå på kino – men filmane manglar

No kan opptil 200 personar få gå på kino samtidig, berre salen er stor nok. Men kinoane slit med å få nye filmar til å fylle lerreta.

Frå og med denne veka auka talet som kan samlast til arrangement frå 50 til 200 menneske, noko som gjer at kinoane kan opne salane for fire gonger så mange. I alle fall i teorien.

– I praksis er det berre i dei aller største salane vi kan få inn 200 personar, fordi vi framleis må ta omsyn til éinmetersregelen mellom publikum, seier Christin Berg, programdirektør i Nordisk Film Kino, Noregs største kinoselskap.

– Til forskjell frå tidlegare kan vi no selje sete på kvar rad, med eitt sete mellom kvar gruppe, så det betyr eit skritt i riktig retning mot ein meir normalisert kvardag. Vi kan no bruke rundt 60 prosent av kapasiteten til salane, seier Berg.

Knapt nye filmar

Ho understrekar at kvardagen framleis er langt frå normalen i bransjen.

– Vi har framleis svært mange permitterte tilsette, og berre tre salar i Oslo er opne førebels. Ei anna stor utfordring er at vi har så godt som ingen nye, store filmar å fylle kinoane med, seier Berg.

Dei store filmstudioa held tilbake filmane sine over heile verda under pandemien, og særleg fram til kinoane i USA og Storbritannia får opne igjen.

Blant filmane som er utsette, er den siste James Bond-filmen «No Time To Die», «Ghostbusters Afterlife» og «The Fast and The Furious 9».

– No har vi òg fått beskjed om at den siste Christopher Nolan-filmen «Tenet» er utsett. Det er krevjande, men skal ein film få inntening, må moglegheitene til å fylle seta vere der, seier Berg.

Knerten reddar sommaren

I mangel av nye filmar har kinoselskapet vist tidlegare filmar lenger enn vanleg, og dessutan køyrt ulike temavisningar, som «Star Wars»-weekend, Marvel-filmbonanza og i vente på spiondramaet «Tenet», ein serie med Christopher Nolan-retrospektiv med Batman-filmane hans, «Inception». «Interstellar» og «Dunkirk»

– Det er gøy med slike event, men folk vil jo gjerne sjå noko nytt snart, fastslår Berg.

– Det som er gledeleg, er at den norske filmen «Knerten og sjøormen» faktisk får ei framflytta premiere til 3. juli, så då har vi ein ny og stor barnefilm å vise i sommar, seier Berg.

Blodraude tal

At tidspunktet for utvidinga kjem i det sommarsesongen byrjar for fullt, gjer det likevel ikkje lettare for kinobransjen, som allereie har slite tungt gjennom tre månader med pandemi.

Medan det under normale omstende i Noreg er rundt 82.000 kinosete fordelte på 205 kinoar og 480 salar, har kapasiteten vore nede i 10.000 i perioden kinoane berre fekk ha 50 publikummarar i salen, skriv Jørgen Stensland, avdelingsdirektør for bransjeorganisasjonen Film & Kino i ein kronikk i Aftenposten.

– Når utnyttingskapasiteten er på rundt 10 prosent, seier det seg sjølv at det er umogleg å drive kino-business i Noreg i dag, fastslår Stensland.

Kinoane i landet blir omfatta av krisepakken til regjeringa til kultursektoren på 300 millionar kroner, men kor mykje kinoane får, er førebels usikkert.

Sjølv med ein auke til opptil 200 publikummarar vil kinoane framleis ikkje tene pengar, seier Christin Berg.

– Vi har blodraude tal, og vi tener ikkje på å ha kinoane opne slik det er no, men vi er med på dugnaden for å opne landet igjen, seier ho.

(©NPK)

Då kinoane vart stengde i mars, vart det arrangert drive-in-kino fleire stader i landet, som her på Tryvann i Oslo. No får kinoane ta inn opptil 200 gjester dersom salen er stor nok, men dei store filmane manglar. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix