Klargjør siden...

Fleire funn av vrakdelar blir knytt til MH370

(NPK-NTB-AFP): Tre nye vrakdelar som kan stamme frå det sakna Malaysia Airlines-flyet MH370, er funnet i Mosambik og på Mauritius.

Det opplyser den australske transportministeren Darren Chester torsdag. Det er framleis ukjent kva som eigentleg skjedde med passasjerflyet, som forsvann på veg frå Kuala Lumpur til Beijing med 239 passasjerar og mannskap om bord i mars 2014.

Fem andre vrakdelar som tidlegare er funne, er enten bekrefta å stamme frå MH370, eller blir rekna med å ha høyrt til flyet. Alle er funne tusenvis av kilometer frå området der leitinga etter flyet går føre seg.

To av dei nye vrakdelane er funne på Mauritius, og ein annan i Mosambik.

– Gjenstandane er så langt ikkje tatt hand om av malaysiske styresmakter. Men som med delane som tidlegare er funne, jobbar malaysiske tenestemenn med å få tak i dei, og dei vil sannsynlegvis bli frakta til Australia for gransking, seier Chester.

Australia leier leitinga etter MH370 i Indiahavet. Styresmaktene i landet har antyda at søket kan bli avslutta i august. (©NPK)

Annonse