Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Uvedkommande har hacka fleire kamera hos Olympiatoppen i Trondheim og lagt ut bilete og videoar av seksuell karakter på nettet, skriv NRK Trøndelag.
npk@npk.no
Publisert: 17.08.2016 kl 19:37
Det er montert fire kamera som filmar utøvarane medan dei trenar på Olympiatoppen. Utstyret blir brukt til å finpusse teknikken. Gjennom fjoråret blei desse kameraa hacka.
Fleire bilete og videoar er no spreidd på sosiale medium.
– For det første er det djupt beklageleg at dette har skjedd, og vi legg oss flate. Vi har meldt dette som ei avvikssak der NTNU og Olympiatoppen tek på seg eit felles ansvar for det som har skjedd, seier Lars Jacob Stovner ved Institutt for nevromedisin til NRK.
Totalt har 17 personar blitt identifiserte i videoen.
– Så vidt eg veit har alle saman teke dette med fatning, seier Stovner. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.