Fleire kommunar krev inn eigedomsskatt

(NPK-NTB): 365 av dei 428 kommunane her i landet har ein eller annan form for eigedomsskatt i år. Det er 10 fleire enn i fjor og 93 fleire enn i 2007.

Dermed er eigedomsskatt innført i 85 prosent av kommunane, og i fjor gav det inntekter på til saman 11 milliardar kroner, skriv Dagens Næringsliv. Beløpet svarar til 2,8 prosent av bruttoinntektene til kommunane.

Ein av nykommarane i år er landbrukskommunen Re i Vestfold, der ordførar Thorvald Hillestad seier dei såg seg nøydd til å bite i det sure eplet.

– Det skulle vore moro å sjå kommunen der dette er eit populært tiltak. Det seier seg jo sjølv at det ikkje er det, seier Sp-ordføraren.

Re har førebels ikkje funne nokon naboar å slå seg saman med, men ingen av kandidatane har eigedomsskatt. Hillestad er likevel ikkje uroleg for at inntektsposten kan forsvinne ved ei eventuell samanslåing.

– Eg trur vi vil få innsparingar administrativt etter ei samanslåing, seier Hillestad. Slik tenkjer også statssekretær Kristin Holm Jensen (H) i Kommunaldepartementet.

– Kommunar som slår seg saman, blir sterkare og får betre økonomi. Dette legg til rette for at dei også kan avvikle ulike former for kommunal eigedomsskatt, skriv ho i ein e-post til avisa. (©NPK)

Annonse