Klargjør siden...
Annonse

Fleire kommunar slit med å busetje flyktningar

Fleire kommunar melder at kapasiteten til å busetje flyktningar er sprengde. Samtidig har regjeringa kutten støtta til bustadbygging.

Velviljen til å busetje ukrainarar er stor blant kommunane, men no er det vanskeleg å finne bustader.

Vårt Land skriv at fleire kommunar har meldt til Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) at kapasiteten til å busetje flyktningar er sprengde.

Og sjølv om regjeringa ber kommunane busetje endå fleire, har dei halvert støtta til utleigebustader i statsbudsjettet for i år. Tilskotet Husbanken gir kommunar som vil byggje utleigebustader, vart tekne vekk.

– Det året der kommunane skal busetje meir enn nokon gong, forsvinn no eit utruleg viktig verktøy for kommunane. Mange kommunar hadde store planar om å søkje husbankstøtta for å pusse opp gamle bygg, til bustader, seier fagleiar Nina Gran i interesseorganisasjonen til kommunane (KS) til avisa.

Sidan byrjinga av 2022 har det komme 37.691 søknader frå ukrainske asylsøkjarar til Noreg.

(©NPK)

Fleire kommunar har meldt til Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) at kapasiteten til å busetje flyktningar er sprengd. Foto: Javad Parsa / NTB