Klargjør siden...

Fleire les aviser på nett enn papir

(NPK-NTB): Seks av ti les no aviser på nett, mens 53 prosent les avisene på papir. Mobilutgåvene til avisene blir lesne av 39 prosent.

Totalt når mediehusa no ut til 85 prosent av befolkninga over tolv år, ifølge opplag- og lesartala som bransjeorganisasjonen MBL la fram tysdag.

Papiravisene gjekk tilbake 8,9 prosent frå 2014 til 2015. Nettavisene låg stabilt (pluss 0,5 prosent), mens lesing på mobil auka med 9,9 prosent.

– Biletet er likt det vi har sett dei siste åra: Ein nedgang for papiravisene, ei utflating av nettutgåvene og ein vekst på dei mobile plattformene. Samla sett held dei fleste mediehusa si daglege dekning, seier MBLs administrerande direktør Randi S. Øgrey. (©NPK)

Annonse