Annonse

Fleire løp ryk truleg for Jakob Ingebrigtsen

Far og trenar Gjert Ingebrigtsen fryktar at det ikkje blir fleire løp på Jakob Ingebrigtsen denne våren. 18-åringen slit med eit virus.

Løpsfenomenet måtte utsetje sesongstarten som følgje av eit forkjølingsvirus.

No fryktar trenarpappaen at 18-åringen mistar Diamond League-konkurransen i Stockholm neste torsdag. Veka etter ventar løp i Roma før Bislett Games går av stabelen 13. juni.

- Eg vil berre ha Jakob gjennom denne helsikes skulen, eksamenen og sjukdommen. Eg er redd det ikkje blir noko løp på han denne våren, seier Gjert Ingebrigtsen til VG.

Løparbrørne Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen skal etter planen delta på eit mindre stemne i Belgia kommande helg. Der blir ikkje yngstemann med.

Det store høgdepunktet denne sesongen for friidrettsutøvarane er VM i Qatar i september og oktober.

(©NPK)

Jakob Ingebrigtsen slit med et forkjølingsvirus. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix