Annonse
Annonse

Fleire mediehus har brote reglane for aldersgrense på TV

Fleire mediehus har ikkje sett aldersgrense på program som bør ha det, meiner Medietilsynet. TV 2 braut reglane og sette for låge aldersgrenser på TV.

Annonse

Medietilsynet har sendt ut åtvaring til VGTV, Dagbladet og Se og Hør om mangel på aldersgrense på strøymetenestene sine. TV 2 har sett for låge aldersgrenser på filmar og program, skriv Medietilsynet i ei pressemelding.

– Vi forventar at profesjonelle aktørar som TV 2, VGTV, Dagbladet og Se og Hør er godt kjende med regelverket og har gode rutinar for å setje aldersgrenser etter reglane. Alle får derfor ei åtvaring, seier direktør for juridisk og regulatorisk avdeling, Hanne Nistad Sekkelsten i Medietilsynet.

Medietilsynet meiner det er spesielt viktig at filmar og program retta mot barn har rett aldersgrense.

Ifølgje tilsynet har dei har vore i dialog med TV 2 fleire gonger om feil merking av aldersgrenser.

– Fordi TV 2 no har teke grep for å sikre at reglane blir følgde, og har endra merkinga på dei kontrollerte programma, gir vi berre ei åtvaring, seier Sekkelsten.

(©NPK)

Annonse