Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Oslo politidistrikt rapporterer at det i første halvdel av 2016 blei meldt 21 fleire valdtekter eller valdtektsforsøk enn same periode i fjor. Vinningskriminaliteten går ned.
npk@npk.no
Publisert: 15.07.2016 kl 16:56
– Noko av auken kjem av store sakskompleks der det har blitt avdekte seksuelle overgrep mot barn med bruk av internett, og eit aukande tal på politimeldingar av valdtekt relatert til kontakt etablert gjennom datingsider på nett, skriv dei i rapporten.
Politiet opplyser samtidig at statistikken viser svært gode resultat på prioriterte innsatsområde som rammer mange og/eller sårbare personar. Dette gjeld bustadinnbrot, lommetjuveri, ran, hatkriminalitet og familievald.
Politiets innsats i å avdekkje vald i nære relasjonar har bidratt til 19,2 prosent fleire politimeldingar av familievald eller vald i nære relasjonar. Dette har vore eit satsingsområde for politiet.
Politiet trekkjer òg fram den generelle nedgangen i registrert vinningskriminalitet på 10,4 prosent samanlikna med i fjor.
I første halvdel av 2016 blei det meldt 180 personran, det lågaste på fem år.
Talet på unge som gjer kriminelle handlingar har auka med 66 samanlikna med same periode i fjor, men talet ligg framleis under gjennomsnittet for dei førre fire halvåra. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.