Klargjør siden...
Annonse

Fleire migrantar til Italia enn Hellas

(NPK-NTB-DPA): Førre månad kom det fleire migrantar til Italia enn til Hellas, for første gong sidan juni i fjor, viser nye tal frå EUs grensebyrå Frontex.

Nedgangen i Hellas blir sett i samanheng med at Balkan-ruta er stengt, og blir også forklart med avtalen som inneber at flyktningar blir sende tilbake til Tyrkia etter å ha tatt seg lovleg over til dei greske øyane. Dette har vore hovudvegen for flyktningar og migrantar som tar seg til Europa via Tyrkia og Hellas.

– Nedgangen i asylsøkjarar til dei greske øyane var dramatisk, seier Frontex-sjef Fabrice Leggeri om apriltala. Under 2.700 migrantar og flyktningar kom til dei greske øyane i førre månad. Det er ein nedgang på 90 prosent frå mars.

Italia tok i april imot 8.370 flyktningar og migrantar. Det er 13 prosent færre enn mars og nesten 50 prosent lågare enn i april i fjor.

Dei fleste av flyktningane og migrantane som kom til Italia i førre månad, var frå Eritrea, Egypt og Nigeria. Dei fleste som kom til Hellas, var frå Syria. (©NPK)

Annonse