Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Omstruktureringa av politiet betyr at 15 operasjonssentralar blir lagt ned. Inntil nyleg er det brukt millionar av kroner på å oppgradere desse sentralane.
npk@npk.no
Publisert: 06.06.2016 kl 08:02
Sist oppdatert: 06.06.2016 kl 13:09
Oppgraderinga har i stor grad handla om betre samband og det nye nødnettet. Så seint som i oktober i fjor var det nye nettet på plass i operasjonssentralen i Vestfinnmark. Distriktet måtte låne 1,7 millionar kroner for å betale for oppgraderinga, skriv Politiforum.
Allereie før det nye nødnettet kan brukast, vart det bestemt at operasjonssentralen i nye Finnmark politidistrikt skal liggje i Kirkenes. Den skal takast i bruk frå februar 2017.
Også operasjonssentralen i Mosjøen vart oppgradert for fleire millionar, noko som medførte budsjettoverskridingar, som igjen har gått ut over andre oppgåver, forklarar administrasjonssjef Jens Berget.
– Dette har forplanta seg ved at vi ikkje hadde tilstrekkeleg med middel til køyretøyinvesteringar og måtte ta av ei ramme vi ikkje har. Dette har igjen ført til overskridingar både i 2014 og 2015.
Også andre distrikt har brukt millionar på å oppgradere sentralar som skal leggjast ned.
Direktoratet for nødkommunikasjon peikar på at nødnettet har blitt rulla ut over fleire år, uavhengig av arbeidet med den framtidige strukturen, og at det ville kosta mykje å fryse prosjektet undervegs. Utstyret kan også flyttast dit det er behov for det.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.