Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Redningsselskapet har redda 35 personar frå å drukne så langt i år. Det er fem fleire enn på same tid i fjor.
npk@npk.no
Publisert: 08.09.2016 kl 15:28
Hittil i år har redningsskøytene berga nærare 50 prosent fleire fartøy enn i same perioden i fjor, opplyser Redningsselskapet.
Organisasjonen meiner å sjå at trafikken på sjøen aukar, og at dette fører til fleire uhell og potensielt kritiske hendingar. Samtidig seier beredskapskoordinator Tony André Johansen at Redningsselskapet er godt rusta til å møte dei nye utfordringane.
– Fleire stasjonar enn før, flåtefornying og raskare redningsskøyter gjer at vi har fått ned responstida og er raskare på plass. På sommaren er det auka aktivitet i sør, som gir eit anna risikobilete, og om vinteren ser vi tilsvarande trendar i nord i samband med mellom anna auka fiskeriaktivitet, seier Johansen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.