Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Tre personar blei skadde i ein kraftig eksplosjon på ein skule i Rättvik i Dalarna i Sverige torsdag kveld.
npk@npk.no
Publisert: 18.03.2016 kl 08:35
Eksplosjonen skjedde i ein mindre bygning knytt til ein maskinhall på Stiernhööksgymnasiet i 22-tida. Ifølgje politiet var dei tre skadde inne i bygget og er frakta til sjukehus. Éin av dei er alvorleg, men ikkje livstruande skadd.
Dei tre er i tenåra, men politiet veit ikkje om dei var elevar ved skulen eller hadde nokon annan forbindelse til han. Eksplosjonen skjedde sannsynlegvis ved at ein acetylenbehaldar ikkje var skrudd igjen og gass lak ut.
– Vi har sperra av området for tekniske undersøkingar fredag og etterforskar dette, seier operasjonsleiar Jonas Häll hos politiet i Dalarna.
Stiernhööksgymnasiet har blant anna fleire yrkeslinjer og lærlingutdanning. Skulen har internat med plass til 130 elevar.
Krisegruppa ved skulen samla seg etter eksplosjonen og snakka med elevane. Dei vil informere dei tilsette og alle elevar om hendinga fredag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.