Annonse

Fleire søkjer erstatning etter sjukehusopphald

(NPK-NTB): På fem år har 20 prosent fleire pasientar søkt om erstatning etter å ha vore innlagt på sjukehus, viser ferske tal frå Norsk pasientskadeerstatning. (NPE).

Frå 2011 til 2015 har NPE fått 16.838 krav om erstatning, 5.308 erstatningssøkjarar har fått medhald, og 3,4 milliardar kroner er utbetalt i erstatning til pasientar og pårørande, viser tal NPE la fram tysdag.

Helsepersonell har sjølv meldt om 10.000 uheldige hendingar på norske sjukehus berre det siste året.

– Pasientskadar kostar samfunnet og sjukehuseigarane store summer årleg, men den viktigaste grunnen til å satse på læring av feil og auka pasienttryggleik er den store personlege belastinga skadar og feilbehandling utgjer for pasientar og pårørande, seier direktør i NPE Rolf Gunnar Jørstad.

Det har vore ein auke på 20 prosent i talet på melde saker frå det første året i femårsperioden (2011) til det siste (2015). Jørstad er usikker på kvifor det er slik.

– Vi har nok meint at det er mørketal, og det kan vere at fleire melder saka si til oss no. Ein årsak til det kan vere at helsepersonell har blitt stadig flinkare til å fortelje pasientar om moglegheita for å få erstatning etter feilbehandling, seier Jørstad.

Han meiner det også er grunn til å tru at folk flest i dag er meir klar over kva rettar dei har og at dette har bidratt til at NPE har fått fleire saker. (©NPK)

Annonse