Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Tre streikar kan ramme norske flypassasjerar dei nærmaste dagane. Allereie torsdag morgon kan det bli pilotstreik i SAS, dersom ikkje partane blir samde.
npk@npk.no
Publisert: 08.06.2016 kl 09:56
Sist oppdatert: 08.06.2016 kl 16:57
Det er dei norske pilotane i Norsk Cockpitforbund og SAS Norge Pilotforening (SNF) som sit i mekling hos Riksmeklaren i Oslo.
Til saman 430 pilotar blir tatt ut i streik frå torsdag morgon dersom partane ikkje kjem til semje, noko som rammar store delar av SAS's trafikk i Noreg. Meklingsfristen er ved midnatt natt til torsdag.
Ifølgje Dagens Næringsliv ønskjer SAS ein meir fleksibel fellesavtale for pilotane. Blant anna ønskjer selskapet fleire pilotar på jobb om sommaren.
Torsdag er det mekling for vektarane. Viss det ikkje blir semje her, blir 250 vektarar på Oslo lufthamn tatt ut i streik, noko som i så fall vil medføre at Avinor stengjer flyplassen fredag.
Også 400 svenske SAS-pilotar står i fare for å bli tatt ut i streik fredag, noko som også vil ramme luftfarten i Noreg.
– Det vil ramme flygingar inn og ut av Noreg og intraskandinaviske flygingar, seier informasjonsdirektør Knut-Morten Johansen i SAS.
Her er meklingsfristen fredag klokka 18. (©NPK)