Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-TT): Delen innbyggjarar som lever under fattigdomsgrensa, stig i Sverige, viser offisiell statistikk.
npk@npk.no
Publisert: 05.07.2016 kl 16:52
I 2008 var det 12 prosent av innbyggjarane som hadde ei inntekt som låg under grensa for kva EU definerer som fattigdom. I 2014 hadde delen stige til 15 prosent, ifølgje Statistiska centralbyrån (SCB).
Meir enn kvar tredje svenske som er fødd utanfor EU, er i risikogruppa for å hamne under fattigdomsgrensa. For svenskar fødde i Sverige, ligg talet på 12 prosent.
Samanlikna med andre EU-land har Sverige ein lågare del innbyggjarar som har inntekt under fattigdomsgrensa, men forskjellen har minka mellom 2008 og 2014.
Ein person som lever i eit hushald der den disponible inntekta er lågare enn 60 prosent av medianinntekta i landet, er i risikogruppa for fattigdom. (©NPK)