Fleire tyske rådhus er evakuerte

Rådhusa i fleire tyske byar er evakuerte etter moglege valdstruslar, opplyser politiet.

Evakueringa omfattar rådhusa i Augsburg, Kaiserslautern, Chemnitz, Göttingen, Neunkirchen og Rendsburg, men politiet seier tiltaka er sette i verk for å vere sikre, og at det ikkje finst ein konkret trussel.

Ein politiaksjon er på same tid sett i gang i Augsburg. Eit truande brev er sendt med posten til ei adresse i Kaiserslautern, opplyser ein polititalsmann.

(©NPK)