Fleire utanlandske offer i Nice

(NPK-NTB-AFP): Det kjem meldingar om fleire utanlandske offer i turistbyen Nice.

Arbeidet med å identifisere dei minst 84 personane som mista livet i terroren i Nice torsdag. Utanriksdepartementet i Oslo har førebels ingen indikasjonar på at nokon nordmenn har vorte drepne eller såra.

Styresmaktene i USA opplyser at to amerikanske statsborgarar vart drepne i angrepet. Ifølgje amerikanske medium er det snakk om ein mann i femtiåra og den elleve år gamle sonen hans.

– Vi uttrykkjer vår djupaste medkjensle til familien og vennene til dei drepne, seier talsperson John Kirby på vegner av det amerikanske utanriksdepartementet.

Tre tyskarar skal òg vere blant offera, og ifølgje den franske avisa Le Monde dreier det seg om ein lærar og to gymnaselevar som feira sluttført eksamen.

Det russiske utanriksdepartementet opplyser at det skal vere minst éin russar blant dei døde, ifølgje BBC. Det skal òg vere ein ukrainar og ein sveitser på lista over dei omkomne. (©NPK)

Annonse