Annonse

Flood og Stokke i historisk finale

(NPK-NTB): Melanie Stokke og Emma Flood skal spele det som blir den første heilnorske kvinnefinalen gjennom tidene i ei Futures-turnering. Laurdag møtest dei to tennistalenta i Norwegian Open-finalen.

Melanie Stokke slo Valeria Irzjumova med 7-5, 6– 0 i semifinalen fredag, medan Flood tok seg til finalen etter at Ulrikke Eikeri måtte gi seg etter det første settet (2– 6) på grunn av ein skade. (©NPK)