Klargjør siden...

Fløyte kan innehalde vaskevatn

(NPK-NTB): Tine kallar tilbake kremfløyte som er produsert i Harstad og seld i Nord-Noreg. Det er mistanke om at den inneheld restar av vaskevatn.

Til saman er det snakk om 27.000 liter fløyte som er levert til butikkar og næringsdrivande i Finnmark, Troms og i Nordland nord for Saltfjellet. Den er merka med meierinummer M350 og seld på kartongar med 3 og 7,5 desiliter, i tillegg til literkartongar – og best før-datoane er 20.05.16 eller 21.05.16, opplyser Tine.

– Tine kallar tilbake den aktuelle fløyten frå marknaden fordi vi ikkje kan sjå vekk frå at produktet kan utgjere ein helserisiko dersom det er høge konsentrasjonar av vaskevatn i fløyten, skriv meierigiganten.

Meieriet i Harstad meiner ein feil i produksjonssystemet er årsaka til at vaskevatn kan ha kome i kremfløyten. (©NPK)

Annonse