Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Ritzau): Den britiske regjeringa har bestemt at fly som skal til Storbritannia frå zikaramma land, blir sprøyta innvendig med insektgift.
npk@npk.no
Publisert: 05.02.2016 kl 09:26
Avisa The Guardian skriv fredag at tiltaket er meint som eit tryggingstiltak for å bidra til å stoppe spreiinga av viruset.
– Det er eit førebyggjande tiltak som skal redusere risikoen for passasjerar som reiser med fly til Storbritannia. Eg understrekar at risikoen for å bli smitta i Storbritannia er svært låg, seier den britiske helseministeren Jane Ellison.
– Vi rår dei som reiser til dei berørte områda om å redusere risikoen for å bli smitta ved å bruke myggspray og bruke langerma skjorter og bukser, legg ho til.
Zikaviruset er enno ikkje konstatert i Storbritannia, men to personar i Irland har vore smitta. Dei to er seinare blitt heilt friskmelde. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.