Klargjør siden...

Flygar frå Sandnes omkom i flystyrt ved Halden

(NPK-NTB): Det var 67 år gamle Ola Seim frå Sandnes som omkom då småflyet han flaug styrta ved Kjølset nord for Halden tysdag. 67-åringen var åleine i flyet då det styrta.

Politiet og Statens Havarikommisjon heldt fram arbeidet på ulykkesstaden utover natt til onsdag.

– Det som skjer no, er at Havarikommisjonen og politiet jobbar saman på staden. Jobben held fram utover kvelden og natta, og vi håpar å få nokre endelege svar, sa operasjonsleiar Terje Marstad i Aust politidistrikt til NTB tysdag. Hovudredningssentralen Sør-Noreg melde om ulykka klokka 18.36.

Småflyet, ein Piper Cherokee, tok av frå Sola lufthamn klokka 16.56 og skulle etter flyplanen lande på ein privat småflyplass i Torsnes i Fredrikstad kommune.

– Han har gått litt utanfor den originale flyplanen. Kvifor kan vi ikkje seie noko om enno, seier kommunikasjonsansvarleg Joachim Westher Andersen i Avinor til NTB. (©NPK)

Annonse