Flypassasjeravgifta blir innført 1. juni

(NPK-NTB): Finansdepartementet vedtok fredag å innføre flypassasjeravgifta frå 1. juni i år.

– Stortinget vedtok avgifta før jul som ein del av budsjettavtalen for 2016. Stortinget vedtok både sats og fritak. Når Finansdepartementet i dag fastset forskrifta og set i verk avgifta med verknad frå 1. juni, følgjer vi lojalt opp Stortingets vedtak om å innføre ei flypassasjeravgift, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Den såkalla flyseteavgifta inneber ei auka utgift på 88 kroner per passasjer per avgang frå norske flyplassar – med unntak av passasjerar som må ta fleire fly med same selskapet på den same reisa.

Eftas overvakingsorgan Esa meinte dette fritaket kunne vere ulovleg statsstøtte og bad regjeringa vente med å innføre ordninga til spørsmålet var avklart. Avgifta skulle eigentleg ha vore på plass frå 1. mars.

Regjeringa meinte det ikkje dreier seg om ulovleg statsstøtte, men sidan Esa lovde å behandle saka raskt, gjekk Finansdepartementet med på å utsetje innføringa til 1. juni.

Den seinare tida har departementet og Esa hatt ein dialog om saka, og Esa har no komme til at dei ikkje ser på fritaket som statsstøtte, opplyser Finansdepartementet.

Utsetjinga frå 1. mars til 1. juni har kosta staten 250 millionar kroner i avgifter, gjekk det fram av det reviderte nasjonalbudsjettet. Avgifta var ein vesentleg faktor for at regjeringa og støttepartia skulle kunne samle seg om statsbudsjettet for 2016. (©NPK)

Annonse