Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA-AFP): Talet på menneske i verda som er avhengige av narkotika, auka i fjor, ifølgje ein ny FN-rapport.
npk@npk.no
Publisert: 23.06.2016 kl 12:43
Dette var første gong på seks år at det vart registrert ein auke i talet på personar med eit narkoproblem, som no ligg på 29 millionar. Inntil i fjor vart det anslått at 27 millionar menneske var avhengige av ulovlege rusmiddel.
Forklaringa på auken er at heroin igjen er blitt meir populært i fleire vestlege land, ifølgje rapporten frå FNs program for narkotika og kriminalitet (UNODC).
– Heroin er framleis rusmiddelet som tar flest liv, og denne veksten i bruken må takast tak i raskt, seier UNODC-leiar Yury Fedotov.
Heroinbruken vart tydelegvis ikkje stagga av at produksjonen av opium, som blir brukt til å lage heroin, fall med nesten 40 prosent i fjor.
Nedgangen kjem av små opiums-avlingar i Afghanistan. Etter 15 år med betydelege vestlege militære styrkar i Afghanistan produserer landet framleis 95 prosent av opiumen i verda. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.