FN: – 100.000 kan døy av svolt i Somalia og Sør-Sudan

(NPK-NTB-AFP): Over 58.000 barn står i fare for å døy av svolt i Somalia, og minst 40.000 menneske står overfor ein tilsvarande skjebne i Sør-Sudan, åtvarar FN.

– Nivået av feilernæring, spesielt blant barn, er ei alvorleg bekymring. Nesten 305.000 barn under fem år er akutt feilernært. Vi anslår at 58.300 av barna står i fare for å døy viss dei ikkje får umiddelbar hjelp, seier FNs nødhjelpssjef for Somalia, Peter de Clercq.

– Rundt 950.000 menneske strevar kvar einaste dag med å skaffe seg nok mat, påpeiker Clercq. Han legg til at totalt 4,7 millionar menneske i Somalia, om lag 40 prosent av befolkninga i landet, har behov for nødhjelp. FN ber om 885 millionar dollar, over 7,6 milliardar kroner, i bistand.

Også i Sør-Sudan er situasjonen alvorleg, der minst 40.000 menneske no risikerer å svelte i hel og 2,8 millionar andre også har behov for hjelp, påpeiker FNs organisasjon for ernæring og landbruk, FNs barnefond UNICEF og Verdens matvareprogram (WFP) i ein felles uttale.

– Familiar gjer det dei kan for å overleve, men har no snart ingen moglegheiter igjen. Mange av områda der behovet for hjelp er størst, er utanfor vår rekkjevidd på grunn av tryggingssituasjonen. Det er avgjerande at vi får uhindra tilgang til desse områda, seier UNICEFs landssjef for Sør-Sudan, Jonathan Veitch.

Både Somalia og Sør-Sudan er krigsherja land. Dessutan bidreg omfattande tørke som blir forklart med vêrfenomenet El Niño, til låge avlingar og etterfølgjande matmangel. (©NPK)

Annonse