Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
FNs tryggingsråd har einstemmig gått inn for ein resolusjon som forlengjer nærværet av dei fredsbevarande styrkane i Mali med eitt år.
ann.fredriksen@ntb.no/kirsten.offerdal@npk.no
Publisert: 30.06.2020 kl 09:05
Resolusjonen ber òg om ein langsiktig, detaljert plan som vil ende med at tryggingsansvaret blir overført til Mali, og at styrkane forlèt det vestafrikanske landet.
Dei fredsbevarande styrkane, som er ein del av FN-operasjonen Minusma, er i Mali for å støtte gjennomføringa av fredsavtalen som vart signert i 2015.
Noreg har i dag 15 personar i FN-operasjonen, som er knytt til drifta av den norske FN-leiren og dessutan stabsfunksjonar i hovudkvarteret til FN-styrken.
Mali har vore herja av uro sidan eit opprør i 2012 bana veg mot eit maktvakuum som islamistgrupper utnytta. Ein franskleidd intervensjon i 2013 skauv islamistane vekk frå makta, men tryggingssituasjonen har framleis vore svært ustabil.
Regjeringa, ein koalisjonen som består av mellom anna etniske grupper som tuaregar og arabarar, og ein regjeringsvennleg militsgruppe stod bak fredsavtalen frå 2015.
(©NPK)
Statsminister Erna Solberg under ei synfaring i Camp Bifrost under eit besøk til dei norske FN-soldatane i Bamako i Mali. Soldatane deltar i FNs fredsbevarande operasjon i Mali. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix