FN: Belarus kan ha gjort seg skuldig i brotsverk mot menneskja

President Aleksandr Lukasjenkos regime i Belarus kan ha gjort seg skuldig i brotsverk mot menneskja, konstaterer ny FN-rapport.

Rapporten frå FNs høgkommissær for menneskerettar viser til maktbruken til Lukasjenko-regimet mot antekne motstandarar og slår fast at det går føre seg omfattande brot på menneskerettane i Belarus.

– Overgrepa ser ut til å vere ledd i ein valdeleg kampanje for å undertrykkje dei som er eller som blir oppfatta å vere motstandarar av regjeringa, eller som har ytra kritikk, heiter det i rapporten.

– Nokre av desse overgrepa kan vere brotsverk mot menneskja, heiter det vidare.

Rapporten frå FNs menneskerettskontor dekkjer perioden mai 2020 til desember 2022. Den vart lagt fram same dag som to av leiarane i den uavhengige nettavisa Tut.by i Ukraina vart dømd til tolv års fengsel.

Ei rekkje journalistar, aktivistar og opposisjonelle er dømde til fengsel etter å ha protestert eller sett spørsmålsteikn ved valet i 2020 der Lukasjenko vart proklamert som vinnar og kunne gå laus på sin sjette periode som president.

FNs etterforskarar har intervjua over 200 offer og vitne og gått gjennom over 2.500 bevis, mellom anna opptak og bilete, legejournalar og rettsdokument.

– Rapporten vår teiknar eit uakseptabelt bilete av straffritak og nær total øydelegging av sivilsamfunnet og heilt grunnleggjande rettar i Belarus, seier FNs høgkommissær for menneskerettar Volker Türk.

(©NPK)

Belarus, her representert ved mangeårig president Aleksandr Lukasjenko (t.v.), kan ha gjort seg skuldig i brotsverk mot menneska, slår ein ny FN-rapport fast. Foto: BelTA / AP / NTB

Annonse