Klargjør siden...
Annonse

FN-domstol vil behandle ukrainsk terrorsøksmål mot Russland

Den internasjonale domstolen i Haag seier han har jurisdiksjon til å behandle Ukrainas søksmål mot Russland og det Kiev meiner er russisk-støtta «terrorisme».

Russland bad i september 2018 FN-domstolen ICJ om å forkaste den ukrainske saka, som Moskva hevdar domstolen, som er FNs juridiske hovudorgan, ikkje har rett til å behandle.

ICJ behandlar rettslege tvistar mellom statar knytt til folkeretten og andre internasjonale konvensjonar. Rettsavgjerdene til domstolen er bindande.

Ukraina klaga Russland inn for ICJ i 2017, for det dei meiner er brot på FNs konvensjon om terrorfinansiering, i form av innførsel av våpen og pengar til prorussiske opprørsstyrkar aust i landet.

Ukrainske styresmakter meiner at opprørarane har fungert som Russlands «avløysarar», og vil at ICJ skal erklære at Russland har ansvaret for det Ukraina meiner er terrorhandlingar utført av opprørarane.

Ukrainarane vil mellom anna at Russland betaler erstatning for granatangrep mot sivile ukrainarar i enkelte byar aust i Ukraina. Landet vil òg ha full erstatning for nedskytinga av eit malaysisk passasjerfly, MH17, i 2014.

Russland har heile tida nekta for å ha hatt noko med nedskytinga å gjere. Etter ei internasjonal etterforsking har tre russarar og ein ukrainar vorte sikta for drap for sin påståtte involvering i nedskytinga.

Ukraina har òg bedt ICJ beordre Russland til å slutte med diskrimineringa av krimtartarane på den annekterte Krim-halvøya, som dei meiner er eit brot på FNs traktat om rasediskriminering.

Ved ei høyring i juni argumenterte dei russiske advokatane for at ukrainarane bruker dei to FN-traktatane for å kunne trekke annekteringa av Krim og konflikten aust i landet inn for FN-domstolen.

Meir enn 13.000 menneske har døydd sidan konflikten braut ut i Aust-Ukraina, og over ein million har vorte drivne på flukt.

(©NPK)

ICJs sjefdommar Abdulqawi Yusuf opplyste fredag at domstolen har jurisdiksjon til å behandle Ukrainas terrorsøksmål mot Russland. Arkivfoto: Peter Dejong / AP / NTB scanpix