Annonse

FN-ekspert: Helsestellet i Gaza er heilt utsletta

Den israelske krigføringa i Gaza har frå første dag vore ein krig mot retten til medisinsk behandling og har utsletta helsestellet, seier ein FN-ekspert.

FNs spesialrapportør for helserettar Tlaleng Mofokeng skulda måndag Israel for å handtere menneskerettane som ein à la carte-meny.

Berre dagar etter krigen som vart utløyst av Hamas-angrepet 7. oktober, var den medisinske infrastrukturen påført uboteleg skade, sa Mofokeng under eit pressemøte i Genève.

Under det vedvarande israelske bombardementet av Gazastripa har hjelpearbeidarar og medisinsk personell i månader arbeidd under ekstremt vanskelege forhold og med svært liten tilgang til medisinsk utstyr, sa rapportøren.

– Dette har frå starten av vore ein krig mot retten til helsetilbod og forsvarleg behandling, sa Mofokeng.

Ho er ein uavhengig ekspert utnemnd av FNs menneskerettsråd, men som ikkje uttaler seg på vegner av FN.

Også sjukehus som er verna av folkeretten, har fleire gonger komme under angrep.

– Helsestellet har vorte jamna med jorda, og retten til behandling har vorte uthola på alle nivå, sa FN-rapportøren.

Israelske tal seier at 1.170 personar vart drepne under Hamas-angrepet 7. oktober. Tal frå det Hamas-kontrollerte helsevesenet i Gaza går ut på at over 34.000 menneske har vorte drepne det siste halvåret.

(©NPK)

FNs spesialrapportør for helse og behandling Tlaleng Mofokeng sa måndag at helsestellet på Gazastripa har vorte lagt i ruinar. Foto: Salvatore Di Nolfi/Keystone via AP / NTB