FN fordømmer valden på Sri Lanka

FNs menneskerettssjef Michelle Bachelet fordømmer valdsbølgja på Sri Lanka, som har kosta fleire menneske livet og ført til at statsministeren har gått av.

– Eg ber styresmaktene gjennomføre ein uavhengig, grundig og open etterforsking av alle angrep som har funne stad, seier Bachelet i ei fråsegn.

Fem menneske, blant dei ein folkevald politikar, skal ha mista livet i valden på Sri Lanka måndag. Mange menneske vart såra i samanstøytar mellom tilhengjarar og motstandarar av regjeringa i hovudstaden Colombo.

Statsminister Mahinda Rajapaksa kunngjorde avgangen sin i eit brev til president Gotabaya Rajapaksa – som også er bror til den avtroppande regjeringssjefen.

Bakgrunnen for uroa er ei alvorleg økonomisk krise. Til liks med mange andre land rundt om i verda, er Sri Lanka ramma av høg inflasjon og varemangel.

(©NPK)

Michelle Bachelet under ein pressekonferanse i Genève i november i fjor. Foto: Martial Trezzini / Keystone / AP / NTB

Annonse