Annonse

FN forferda over meldingar om massegraver ved sjukehus i Gaza – Israel avviser

FNs høgkommissær for menneskerettar er forferda over øydeleggingane av to sjukehus i Gaza og meldingane om massegraver der. Israel avviser å ha gravlagt palestinarar i massegraver.

Palestinske styresmakter har meldt at dei fann 283 døde personar i massegraver ved eit sjukehus i Khan Younis denne veka etter at israelske styrkar trekte seg ut derfrå. Det er også meldt om funn av 30 leivningar i området rundt Shifa-sjukehuset etter ein israelsk operasjon der.

– Vi kjenner behov for å slå alarm, då det tydeleg har vorte funne fleire leivningar, seier Ravina Shamdasani, talsperson for FNs høgkommissær for menneskerettar.

Ho seier FN jobbar med å stadfeste meldingane frå dei palestinske styresmaktene.

– Somme av dei hadde hendene bunde, noko som tyder på menneskerettsbrot og brot på folkeretten, og dette må undersøkjast vidare, seier Shamdasani.

Det israelske forsvaret avviser at soldatane deira har gravlagt palestinarar i slike massegraver og hevdar at det har vore grave opp døde i samband med leiting etter gislane som Hamas tok i oktober.

– Påstanden om at IDF gravla palestinske døde er utan grunnlag, heiter det i ei fråsegn. IDF hevdar vidare at styrkane deira plasserte dei døde i gravene etter undersøkingane.

– Undersøkingane vart gjennomførte på varsamt vis og berre på stader der etterretninga vår indikerte at det kunne liggje gislar, heiter det vidare.

(©NPK)

Området rundt Shifa-sjukehuset i Gaza by er heilt øydelagt etter ein israelsk operasjon der. Foto: Mohammed Hajjar / AP / NTB