Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Reuters): Tsjekkia bryt menneskerettane ved å sperre inne flyktningar og migrantar i opptil tre månader og tvinge dei til å betale for å bli sette fri, uttaler FNs høgkommissær for menneskerettar.
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 15:26
I ein uttale torsdag opplyser FNs høgkommissær for menneskerettar, Zeid Ra'ad al-Hussein, at Tsjekkia utøver systematiske brot på menneskerettane ved å gripe og halde på flyktningar i opptil 90 dagar, og ved å kroppsvisitere dei for å finne pengar slik at dei må betale for å bli sette fri.
Hussein legg til at han er bekymra over framandhat. Han meiner at den tsjekkiske presidenten Milos Zeman har kome med islamofobiske uttaler, og han uttrykkjer dessutan bekymring over tilstanden ved sentra der flyktningar blir sperra inne. Barn blir også sperra inne, noko som er utillateleg, ifølgje Hussein.
Presidenten i Tsjekkia avviser kritikken.
– Presidenten har lenge åtvara mot trusselen som islamsk fundamentalisme utgjer. Han står ved meininga si og kjem ikkje til å endre på den etter press frå utlandet, seier ein talsmann for presidenten. (©NPK)