Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
45.270 menneske til har flykta frå Ukraina det siste døgnet, seier FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) måndag ettermiddag.
ann.fredriksen@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 25.04.2022 kl 14:34
Dermed er det totalt 5.232.014 flyktningar som har forlate landet sidan Russlands invasjon byrja 24. februar.
Flyktningstraumen har bremsa opp. Hittil i april har 1,2 millionar forlate landet, mot 3,4 millionar i mars. Kvinner og barn utgjer 90 prosent av dei som har forlate landet, sidan menn mellom 18 og 60 år er vernepliktige.
FNs internasjonale migrasjonsorganisasjon (IOM) anslår at 7,7 millionar menneske er internt fordrivne. To tredelar av barna i landet har måtta forlate heimane sine.
(©NPK)
Ukrainske flyktningar kviler i ein gymsal i Medyka ved grensa mellom Ukraina og Polen. Foto: Petros Giannakouris / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.