Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): FN-granskarar legg denne veka fram den endelege rapporten sin om bruk av kjemiske stridsmiddel i Syria.
npk@npk.no
Publisert: 23.08.2016 kl 11:31
FNs tryggingsråd oppretta i fjor ein granskingskommisjon, som fekk i oppdrag å samla bevis for at det blei brukt ei eller anna form for kjemiske stridsmiddel under ni angrep mot syriske landsbyar i 2014 og 2015.
Håpet er at dei 24 medlemmene av kommisjonen no kan gje svar på om det blei brukt slike våpen, og om det i så fall var syriske regjeringsstyrkar eller opprørarar som stod bak angrepa.
Partane i krigen har gong på gong skulda kvarandre for bruk av kjemiske stridsmiddel, og opplysningar frå helsearbeidarar og augevitne har bygd opp under skuldingane.
Fleire menneske blei drepne i angrepa, medan andre blei lagt inn på sjukehus med pusteproblem.
Syriske styresmakter nektar for å ha stått bak, medan USA, Storbritannia og Frankrike har peikt på at regjeringsstyrkane er åleine om å nytta helikopter i borgarkrigen.
Russland var også sentral då president Bashar al-Assad gjekk med på å kvitta seg med dei kjemiske våpena og lèt internasjonale inspektørar tømma lagera og destruera produksjonsanlegga.
Den ytterleggåande islamistgruppa IS blir også skulda for å ha brukt kjemiske stridsmiddel i Syria, mellom anna sennepsgass som blei brukt under eit angrep mot landsbyen Marea i Aleppo-provinsen i august i fjor.
Blant dei som meiner å ha funne bevis for dette, er CIA, som også skuldar IS for å ha brukt klorgass.
– Uansett kven som har brukt kjemiske våpen i Syria, så må dei stillast til ansvar, legg han til.
The Joint Investigative Mechanism (JIM) legg den endelege rapporten sin fram for Tryggingsrådet onsdag.
Dersom rapporten konkluderer med at syriske regjeringsstyrkar har nytta kjemiske stridsmiddel, vil Tryggingsrådet truleg vurdere å innføra nye sanksjonar mot Assad-regimet. Diplomatar tvilar på om Russland å så fall vil gå med på dette. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.