Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
FN uttrykkjer sterk uro etter at ei ung kvinne døydde i varetekt etter «moralpolitiet» i Iran arresterte henne. Også valden mot demonstrantar blir kritisert.
uvakt@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 20.09.2022 kl 13:03
– FNs fungerande høgkommissær for menneskerettar, Nada Al-Nashif, har i dag slått alarm om at Mahsa Amini døydde i varetekt, og om den valdelege responsen til tryggingsstyrkane mot desse protestane, heiter det i ei fråsegn frå FN-kontoret tysdag.
– Det er vorte meldt at 22-åringen vart slått i hovudet med ein batong, og at hovudet hennar vart smelt mot bilen av det såkalla moralpolitiet, heiter det vidare.
Al-Nashif krev at iranske styresmakter set i verk ei uavhengig og effektiv etterforsking av dødsfallet.
Amini vart arrestert då ho var på besøk i hovudstaden Teheran 13. september. Fredag førre veke vart det kjent at ho var død etter tre dagar i koma.
Mange iranarar har reagert med sinne, og det har vore demonstrasjonar på fleire stader i Teheran, mellom anna på universitet, og dessutan i byen Mashhad, som er den nest største i landet.
Amini vart arrestert av politifolk som har ansvar for å sjå til at kvinner følgjer den strenge kleskoden, noko som mellom anna inneber at dei dekkjer til håret.
Ei talskvinne for FNs menneskerettskontor, Ravina Shamdasani, viser til meldingar om at fem personar er drepne og at styresmaktene har skote med skarpt mot demonstrantane.
Ho uttrykkjer også skepsis til måten kvinner blir behandla på i Iran.
– Styresmaktene må slutte å angripe, trakassere og arrestere kvinner som ikkje følgjer hijab-reglane, seier ho og ber om at lova som påbyr hijab, blir oppheva.
(©NPK)
Ein motorsykkel står i brann i samband med ein protest mot at ei ung kvinne døydde i varetekt etter å ha vorte arrestert av moralpolitiet i Teheran. Foto: AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.