Klargjør siden...
Annonse

FN-sjefen fordømmer hatretorikk under Ramallah-besøk

(NPK-NTB-AFP-Reuters): FNs generalsekretær Ban Ki-moon fordømde hatretorikken mellom israelarar og palestinarar da han onsdag møtte palestinske leiarar på Vestbreidda.

Han sa òg at Israels svar på knivangrepa dei siste vekene, mange av dei utført av palestinske tenåringar, neppe har gjort det lettare å få meir rolege forhold igjen.

– Eg veit at folk er sinte og frustrerte, særleg unge palestinarar. Når ein alltid har levd under okkupasjon, kan det ikkje vere mykje håp, sa Ban.

Etter samtalar med den palestinske presidenten, Mahmoud Abbas, heldt dei to ein pressekonferanse der Ban streka under at han har bedt leiarane på begge sider om å fortelje folk at drap er uakseptabelt.

Ban drog til Ramallah etter å ha møtt den israelske statsministeren, Benjamin Netanyahu, i Jerusalem. Besøket i Midtausten har komme i stand på kort varsel som følgje av valdsopptrappinga dei siste vekene.

Ni israelarar og rundt femti palestinarar er drepne sidan byrjinga av oktober. På den palestinske sida har fleire vorte skotne og drepne etter knivangrep på tilfeldige israelarar. Andre er drepne i samanstøytar med israelske styrkar på Vestbreidda, i Aust-Jerusalem og på Gazastripa. (©NPK)

Annonse