Klargjør siden...

FN: Thailand har nådd ein milepæl i hiv-kampen

(NPK-NTB-DPA): Thailand er det første landet i Asia som har redusert overføringa av hivsmitte mellom mødrer og nyfødde barn til under 2 prosent, ifølgje FNs barnefond (UNICEF).

Ein så låg prosentdel blir av Verdshelseorganisasjonen (WHO) rekna som ei effektiv eliminering av denne forma for smitte.

I 2003 fekk 10,3 prosent av barn fødde av hiv-positive mødrer overført smitten under fødselen. I 2015 var den redusert til 1,9 prosent, ifølgje tal frå det thailandske helsedepartementet.

– Thailand har vorte eit eksempel som vil inspirere mange andre asiatiske land i deira arbeid for ein generasjon utan aids og syfilis, seier Thoams Davin, UNICEFs representant i Thailand. (©NPK)

Annonse