Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har informert norske Landinfo om at to syrarar blei returnerte frå Russland til Syria i januar 2015.
npk@npk.no
Publisert: 26.01.2016 kl 18:00
– Eg er i dag gjort kjend med at Landinfo har fått ny informasjon frå Høgkommissæren om at dei forstår det slik at to syrarar skal ha blitt returnerte frå Russland til Syria i januar 2015, seier innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp).
– Dette er nytt for oss og naturleg å følgja opp mellom anna i møtet mitt med Høgkommissæren, seier ho til NTB.
Listhaug møter Nord-Europa-sjefen for FNs høgkommissær for flyktningar, Pia Prytz Phiri, onsdag.
Landinfo er ein del av utlendingsforvaltninga og er underlagt Utlendingsdirektoratet (UDI).
Den norske regjeringa og UNHCR har hatt ulikt syn på om den norske asylinstruksen med retur til Russland er i tråd med dei folkerettslege pliktene til Noreg eller ikkje.
– Vi har gjort vurderingar av den instruksen opp mot folkeretten og meiner han er innanfor. Høgkommissæren kan koma med andre tilrådingar til Noreg som går ut over dei pliktene vi har. Men i det spørsmålet er vi usamde, seier Listhaug. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.