Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) varslar at dei vil byte namn i kjølvatnet av stortingsvalet. Partiet fekk så vidt over 3.300 stemmer.
vaktsjef@ntb.no/kirsten.offerdal@npk.no
Publisert: 15.09.2021 kl 07:22
Det står i sterk kontrast til lokalvalet i 2019, der det nystarta partiet gjorde brakval på bompengemisnøye og fekk 9,3 prosent av stemmene i Stavanger og 16,7 prosent i Bergen.
Neste mål for partiet var å bli representert på Stortinget, men det var dei altså langt unna. Partileiar Frode Myrhol meiner namnet står i vegen.
– Vi var sjølvsagt klare over at vi ikkje hadde sjanse å få inn eit mandat på Stortinget. Mange har nok òg tenkt at det vil vere ei bortkasta stemme til oss i eit stortingsval. Men vi hadde eit anna mål: å få minst 5.000 stemmer på landsbasis. Då kunne vi skifte namn. Ærleg talt trudde vi at vi skulle klare 7–8.000 stemmer, men fekk berre 3.371. Det var jo ein skuffelse, seier han til Aftenbladet.
Han vil ikkje røpe kva det nye namnet blir, men seier dei har eit par alternativ dei skal diskutere på sentralstyremøte om ikkje lenge. Alle alternativa har berre eitt ord.
– Det noverande namnet har fire ord og er altfor langt. Dessutan gir det noverande namnet inntrykk av at vi er eit einsaksparti. Det er vi ikkje no, og skal heller ikkje vere det i framtida, seier Myrhol.
(©NPK)
Partileiar i Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB). Foto: Terje Pedersen / NTB