Annonse

FNs generalsekretær ber om at dei bortførte jentene i Nigeria blir lauslatne no

FNs generalsekretær António Guterres ber om at dei over 300 jentene som er bortførte av væpna menn i nordlege Nigeria, blir lauslatne no.

– Generalsekretæren fordømmer på sterkast moglege vis og ber om at dei blir lauslatne no og vilkårslaust, seier talsperson Stephane Dujarric for Guterres.

Rundt 300 jenter er kidnappa frå ein vidaregåande internatskule nordvest i Nigeria, ifølgje styresmaktene i landet. Angrepet mot skulen skal ha skjedd natt til fredag, då rundt 100 menn trengde seg inn på skulen.

(©NPK)

FNs generalsekretær António Guterres ber om at dei over 300 jentene som blei bortført av væpna menn i nordlege Nigeria, blir lauslatne no. Foto: UNTV via AP / NTB