Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Festkledde gjester frå heile landet fylte Dronningparken torsdag då kongeparet inviterte til hagefest.
npk@npk.no
Publisert: 01.09.2016 kl 14:04
Sist oppdatert: 01.09.2016 kl 15:04
Kong Harald og dronning Sonja deltok saman med kronprinsfamilien og prinsesse Astrid, Fru Ferner. Prinsesse Märtha skulle også ha vore til stades, men har meldt avbod.
– Hjarteleg velkommen til oss, alle saman, sa kong Harald til sine 1.500 gjester som har strøyma til frå fjern og nær etter å ha fått ein høgtideleg, forgylt invitasjon i posten.
Ho har fått låne sognebunad, for ho turte ikkje ha på sin eigen frå Hardanger på ein slik dag. Festdrakta har vore med henne på bussturen gjennom natta, og saman med dei andre gjestene blei ho helsa velkommen av Kongens garde utanfor Slottet torsdag. Inne i parken var det nysirkusopptredenar, folkedans og jazzband mellom trea.
Liknande hagefestar har vore heldt i byar rundt om då kongeparet var på sin jubileumsreise tidlegare i år. I sin velkomsttale hylla kong Harald mangfaldet befolkninga i Noreg utgjer.
– Mitt største håp for Noreg er at vi skal klare å ta vare på kvarandre. At vi skal byggje dette landet vidare på tillit, fellesskap og raustleik. At vi skal kjenne at vi – trass i all vår ulikskap – er eitt folk, sa kongen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.