Annonse

Folk nøler med å melde seg inn igjen i Kyrkja

(NPK-NTB): Sidan Kyrkjemøtet vedtok å opne for å vie likekjønna, har 4.000 personar meldt seg ut av Den norske kyrkja. I same periode har berre 200 meldt seg inn, skriv Dagen.

Leiaren i Open folkekyrkje, Gard Realf Sandaker-Nielsen, trur mange som er glade over vedtaket på Kyrkjemøtet, framleis vegrar seg for å melde seg inn igjen.

– Det skal ein del til for å gjere opp for den uretten som er gjort tidlegare. Opplevinga hos homofile og lesbiske og andre som meiner at kyrkja er for trong, kan vere vanskeleg å snu over natta, seier Sandaker-Nielsen, som likevel håpar fleire vil vurdere å melde seg inn igjen.

– Eg håpar jo at vi skal klare å få tilbake nokre av dei som har meldt seg ut tidlegare, fordi dei ser at vi faktisk er ei kyrkje som kan romme alle. No har jo Den norske kyrkja gjort det dei ville at vi skulle gjere, seier han til Dagen.

Tal for april og mai viser at om lag 4.000 personar har meldt seg ut etter avgjerda på Kyrkjemøtet 11. april, mens 209 har meldt seg inn. Talet på utmeldingar for dei to månadane er i snitt dobbelt så høgt som for dei tre første månadane i år. (©NPK)

Annonse