Folk trekkjer til Kollen som aldri før

(NPK-NTB): Norsk suksess i skispor og hoppbakkar lokkar folket tilbake til Holmenkollen. Det er selt betydeleg fleire billettar på førehand i år enn i fjor.

23.000 billettar er førehandsselde til Kollen-arrangementet i år. I motsetning til tidlegare år er arrangementet flytta til februar. Dette på grunn av skiskyttar-VM i mars. Tilsvarande tal i fjor var 15.500 selde billettar.

Aldri før har det blitt selt så mange førehandsbillettar til Holmenkollen-helga laurdag og søndag, ifølgje arrangøren.

– Folk hugsar nok den fantastiske stemninga vi skapte i fjor. Kombinert med fantastiske norske sportsprestasjonar og eit spennande program, går dette rett heim hos publikum. Vi er kjempefornøgde med responsen, seier dagleg leiar for Holmenkollen Skifestival Kristin Vestgren Sæterøy.

Torsdag opnar skifestivalen med hopprenn for kvinner i sjølvaste Holmenkollen. Også resten av helga er spekka med verdscupkonkurransar. Det er dessutan prøveomgang for kombinert og kvalifisering hopp for menn fredag kveld. Til alle arrangement torsdag og fredag er det fri inngang.

Laurdag går den tøffaste femmila i verda, etterfølgt av kombinert og laghopp. Søndag er det tremil for kvinner og det tradisjonelle Holmenkollrennet.

– I år har vi løfta festen til nye høgder. Vi har utvida kapasiteten i publikumsteltet, auka talet på serveringsstader i arenaen, oppretta nye billettkategoriar og betra barnetilbodet, fortel Sæterøy.

Slik er programmet for verdscuprenna i Holmenkollen i helga: