Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Etter at norske kyllingprodusentar fasa ut stoffet narasin av produksjonen, har forbrukarane fornya tillit til kjøtet.
npk@npk.no
Publisert: 08.08.2016 kl 07:14
I 2014 hagla det kritikk mot norske kyllingprodusentar etter at Veterinærinstituttet fann store førekomstar av ein resistent bakterie i dyra. Det var bruken av narasin i fôret, eit middel som nedkjempar tarmsjukdom, som førte til ein langvarig mediestorm rundt kyllingprodusentane.
No seier kvalitetssjef Christin Schaumburg Bjønness i Den stolte hane til Nationen at tilliten er tilbake hos forbrukarane.
– Å fase ut narasin av kyllingproduksjonen vår har gått betre enn forventa, seier ho.
Salet av kylling gjekk ned etter store medieoppslag i 2014, men i 2016 er veksten høg.
– Ser vi på omsetning per månad, ligg veksten langt over 2015, og betydeleg over nivået i 2014, seier administrerande direktør Fredrik Strømmen i Den stolte hane. Både Nortura, Den stolte hane og Norsk kylling har fasa ut stoffet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.