Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Mattilsynet er uroa etter å ha funne mangelfull brannsikring i 48 prosent av norske grisehus.
npk@npk.no
Publisert: 10.03.2016 kl 07:24
Det er første gong Mattilsynet har gjort ei landsdekkjande undersøking av
brannsikring i husdyrhald. Til saman har inspektørar besøkt 648 av dei 1441 dyrehalda i landet, ifølge Nationen.
– Vi er nøgde med at 52 prosent av svinehalda hadde alt i orden. Det er likevel urovekkjande at vi fann manglar hos såpass mange, når vi veit kor utsette driftsbygningar med svin er for brann, seier seksjonsleiar Torunn Knævelsrud i Mattilsynet.
Høg temperatur i fjøset, og mykje støv og ammonium i lufta, gjer svinefjøsa spesielt utsette for brannar. Spesielt utsett er også elektriske anlegg, der nesten to av tre brannar i landbruket startar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.